Gnistrande samspel

Dei to dyktige folkemusikarane Britt Pernille Frøholm frå Hornindal og Jorun Marie Kvernberg frå Volda begynte samarbeidet sitt for tre år sidan som resulterte i «Kviven Duo».

Kviven Duo: Britt Pernille Frøholm t.v. og Jorun Marie Kvernberg fortalde at det kunne vere store forskjellar i tradisjonsmusikken på kvar side av Kvivstunnelen. 

Nyhende

Duoen sleppte plata si «Kvakksalvar-Guri» i juni og har valgt å arrangere fire intimkonsertar for å promotere plata. Det var fjerde og siste konserten dei heldt i Liastova i Innvik onsdagkveld.