NRK-tilsett smitta av korona

  Foto: NRK

Nyhende

Ein tilsett ved NRK Vestland sitt kontor i Førde fekk onsdag kveld påvist covid-19. Vedkommande har vore i isolasjon heime sidan symptoma oppstod, opplyser NRK Vestland i ei pressemelding.

Ingen av kollegaene er sett i karantene av smittevernoverlegen.

NRK har strenge smitteverntiltak både for eigne tilsette og medverkande. Desse har vore følgt og blir følgt vidare, seier distriktsredaktør Dyveke Buanes.