Stryn vert korona-eining i Nordfjord

Stryn kommune vert korona-eining, steg 2, for fleire av kommunane i Nordfjord.

stryn: – Storesunde skule vert felles institusjon, steg 2, for Stryn, Stad, Kinn (Vågsøy) og Bremanger, opplyser kommunalsjef helse og sosial Heidi Vederhus. foto: bengt flaten (arkiv) 

Nyhende

Med bakgrunn i smittevern og ressursbruk ønskjer kommunane å løyse handtering av utskrivingsklare, smitteførande Covid -19-pasientar i fellesskap. Det er difor inngått samarbeidsavtale mellom kommunane som høyrer til Helse Førde sin region. I Nordfjord har Stryn, Stad, og Bremanger kommune underteikna avtale.