To nye koronatilfelle i Helse Førde

Det eine av dei nye registrerte tilfella er ein person busett i Førde, den andre er på gjennomreise i Kinn.   Foto: Gunnhild Sindre (Illustrasjonsfoto)

Nyhende

Det er registrert to tilfelle av koronasmitte i Helse Førde sitt område.

Den eine smitta bur i Førde. Den andre person er på gjennomreise i Kinn, og kommunen opplyser at dei har god kontroll, opplyser NRK Vestland.

I Stryn kommune vart hittil siste Covid-19-tilfelle påvist i månadsskiftet juni/juli.