«Leve heile livet»:

– Ein stor del av livet er tilværet som pensjonist

Kvalitetsreforma «Leve heile livet» skal sikre innbyggjarane ein god og trygg alderdom.

«Leve heile livet»: Einingsleiar Siw Rognmo Vangen (t.v.) og folkehelserådgjevar Jannike Sunde (heilt t.h.) informerte helse og sosialutvalet i Stryn om prosjektet «Leve heile livet».  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Leve heile livet – ein kvalitetsreform for eldre, vart presentert i dei kommunale utvala i Stryn førre veke. Den handlar om betre tenester og tilbod, men også om eit samfunn der eldre får brukt sine ressursar. Leve heile livet skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og ha ein trygg og aktiv alderdom.