Skadde asketre fleire stader i kommunen:

Askeskuddsjuke er oppdaga i Stryn

Fleire stader i Stryn kommune er det oppdaga asketre med daude greiner eller kroner, og ein observant lesar har sendt bilde til Fjordingen. Fagfolk stadfestar at det er ut til at det er askeskuddsjuke som er komen til distriktet.

Askeskuddjsuke: Bilda er teke på Hopland, og ekspert Mari Mette Tollefsrud frå NIBIO stadfestar at dette absolutt ser ut som askeskuddsjuke.   Foto: Fjordingen-tipsar

Nyhende

– Dette ser veldig ut som askeskuddsjuke, seier Mari Mette Tollefsrød, forskar i divisjon for skog og utmark hos NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi).