LEIAR:

Optimisme for ny rv 15

Ospelitunnelen er ein av tre smale tunnelar på rv 15 Strynefjellstunnelen som skal erstattast av ein ny lang tunnel frå Skåre til Breidalen.  Foto: Bengt Flaten

40 døgn med stengd hovud-ferdselsåre mellom aust og vest er katastrofalt mykje

Nyhende

Frustrasjon og lang ventetid er no snudd til stor optimisme, etter at eit samla næringsliv i tre fylke no pressar på for å få rv 15 Strynefjellsvegen inn i komande Nasjonal Transportplan. Ikkje berre næringslivet, men og politisk, pressar tre fylke på for same løysing. Tidlegare var det regionråd og fylka Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oppland som gjekk saman, blant anna i felles møte i departementskontor i Oslo, for å fronte rv 15. No er to av fylka blitt del av større einingar som heiter Vestland og Innlandet. Det bør slett ikkje vere nokon ulempe å ha så store fylke med seg i kampen for å få realisert den viktige utbygga som skal gjere Strynefjellsvegen til eit reelt heilårssamband mellom Aust- og Vestlandet. Som fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland seier: «Aldri før har så mange stått så samla om rv 15 Strynefjellsvegen».