Smittsam skrantesjuke stadfesta hos villrein på Hardangervidda

Det er påvist skrantesjuke hos ein villreinbukk på Hardangervidda. Det er første gong den smittsame varianten av sjukdommen er funnen utanfor Nordfjella.

I Nordfjella vart heile villreinstammen avliva for at den smittsame sjukdommen ikkje skulle spreie seg. Det er ikkje kjent kva som vil skje på Hardangervidda vidare. Her ein reinsdyrbukk ved Gråhø på fjellet mellom Kvam og Vinstra i Gudbrandsdalen.   Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Mattilsynet vart varsla av Veterinærinstituttet om påvisinga torsdag kveld.