– Rydd søppel i helga

Alle blir oppfordra til å plukke rusk og rask i nærmiljøet sitt denne helga!

Nokon gløymde visst å rydde opp etter seg på parkeringsplassen ved Strynehallen i mai. 

Nyhende

Organisasjonen Hold Norge Rent arrangerer Strandryddeveka frå 5. september til 20. september.

Denne helga inviterer Norsk Friluftsliv og Hold Norge Rent heile Norge til å bli med å rydde søppel i nærområdet.

– Ta med deg ein pose og gå ein tur der du plukkar med deg søppel du finn på din veg. Søppelet kastar du i din eigen søppeldunk, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

Fokuset for helga er «tur med meining».

Har du eit bilde av søppelplukking i Stryn og Hornindal i helga, send inn til Fjordingen på mms 40402140 eller redaksjon@fjordingen.no