Flo kjøper seg opp i Stryn

Jan Egil Flo og Retail Eigedom AS har kjøpt seksjon 1 og 2 i Tinggata 14/Tonningsgata 12 i Stryn sentrum.

Eigarar: Jan Egil Flo (t.h.) har kjøpt seksjon 1 og 2 i gamle Coop-bygget i Stryn. Flo eig no lokala til Moods of Norway og Skogstad, P-huset i kjellaren og parkeringsplassar på baksida. Nils Jørgen Omberg har eigd seksjon 3 (Smak-lokala) sidan 2008.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Prisen er på 8,5 millionar kroner, og femner om lokala der Moods of Norway og Skogstad held til i dag samt parkeringshuset i kjellaren og parkeringsplassar mellom Skogstad og Leirgulenbygget.