Gangveg mellom Loen og Olden?

Positivt signal om gangveg Loen-Solvik og tankar om ein gangveg mellom Loen og Olden vart lufta i sist utvalsmøte for teknisk.

Gangveg: Kommunalsjefen lufta tanken om ein gangveg mellom Olden og Loen. Her ved rasteplassen på Kråka i Olden. 

Nyhende

I samband med møtet i sektorutvalet vart det diskutert gangvegar og turvegar. Her kom det fram at det har vore gjennomført møte med fylkeskommunen, og signala om gang- og sykkelveg Loen-Solvik er positive.