Meiner det er for farefullt med campingplass her

Sektorutvalet for tekniske saker i Stryn følgde tilrådinga frå administrasjonen og avviste det private initiativet om å starte opp planarbeid for etablering av ein campingplass vest for Lundefossen på Lunde.

Lag på lag med farer: I dette området på Lunde ønskjer grunneigaren å utvikle ein campingplass. Men kommunen seier nei, blant anna på grunn av naturfarene med flaum, skred og kvikkleire. 

Nyhende

Det er Aaland Arkitektkontor som på vegner av grunneigar Sven Gøran Lidstrøm har fremja planinitiativet, der ønsket er å legge til rette for etablering av campingplass på Lunde. Her ser tiltakshavar mellom anna føre seg om lag 100 plassar for campingvogner, oppstillingsplass for bubil og servicebygg.