To nye smittetilfelle

To personar er registert med koronasmitte i Helse Førde sitt område siste døgnet, opplyser Helse Førde på nettsidene sine laurdag føremiddag. 

Illustrasjon frå Førde sentralsjukehus  Foto: Margunn L Masdal/ Helse Førde/Arkiv

Nyhende
Personane som er smitta er heimehøyrande i kommunane Stad og Sunnfjord.
Fredag vart det analysert 274 prøver. I løpet av denne veka er det påvist seks smitta, men ingen er innlagt på sjukehus. Totalt er 58 personar smitta av korona i området til Helse Førde, skriv helseføretaket.
Les meir om koronasituasjonen HER