Utfordra eigne grenser på fjelltur i Innvik

Deltakarane under Gaupa 4H sin lokale «61 grader nord» fekk oppleve meistring ved å utfordre sine eigne grenser på fjellturen i Innvik frå 29. til 30. august.

Sol og fint ver på Utsikten i Innvik med Natasha Piwko og Linnea Jaqngård Hatlenes til høgre. Medlemmer i Gaupa 4H var med på ein lokal versjon av 61 grader nord i helga.   Foto: Gaupa 4H (alle)

Nyhende

Laurdag møtte deltakarane opp ved Heimlund i Innvik, der dei vart delt opp i to lag. På det blå laget var det 11 deltakarar frå 5. og 6. klasse ved Vikane skule. Det raude laget hadde deltakarar frå 7. klasse ved Vikane skule og 8. og 9. klasse ved Olden skule, dei var 6 deltakarar.