Stryn kommune:

18 flyktningar busette så langt i 2020

Jorge Hidalgo frå Flyktningtenesta informerte førre veke helse og sosialutvalet i Stryn om status for busetjing av flyktningar i kommunen.

Status: Leiar for flyktningtenesta i Stryn, Jorge Hidalgo, informerte helse og sosialutvalet.   Foto: roy aron myklebust (arkiv)

Nyhende

– I 2020 har Stryn kommune vedtak på å busetje 25 flyktningar pluss eventuell familiegjenforeining. Per i dag er 16 flyktningar busette, pluss ein familiegjenforeining og pluss eitt born, totalt 18 personar. 11 av desse er vaksne, og sju er born. 14 frå Syria, tre frå Tyrkia, ein frå Eritrea, fortalde Hidalgo.