I Innvik vart det bråstopp på bubilferien

Bubilferien fekk ein brå stopp i Innvik. Årsak: Alt for høg fart i 50-sona.

Sogn og Fjordane tingrett: Bubilsjåføren frå Oslo vart dømd til 15 dagar fengsel på vilkår etter fartsoverskriding i Innvik.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Den 37 år gamle mannen frå Oslo var alt for hard på gassen då han var på veg gjennom Nordfjord på kvelden 3. juni i år. UP målte mannen til 86 km/t i 50-sona, og inndrog førarkortet på staden.