Sogn og Fjordane best i klassen

78,1 prosent av elevane som begynte på vidaregåande i 2013 fullførte. Det er ny rekord. I Sogn og Fjordane fullfører 83 prosent og er best i klassen.

Stryn vidaregåande skule. (Illustrasjon) 

Nyhende

– Det er bra at stadig fleire elevar fullfører og består vidaregåande. Mange skular gjer ein god jobb, men vi har framleis ein veg å gå. Regjeringa sitt mål er at minst ni av ti skal fullføre. Derfor kjem vi med ein reform av heile vidaregåande skule til våren, som skal gi alle moglegheit til å lykkast, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet viser at talet som fullfører har auka årleg sidan 2006. Elevar som tek studieførebuande fullfører i større grad (87,6) prosent enn dei som tek yrkesfag (67,5 prosent).

Talet på elevar som fullfører vidaregåande har auka i alle fylke. Flest fullfører og består i Sogn og Fjordane med 83 prosent, medan 67 prosent fullfører i Finnmark.

Regjeringa varslar no ny reform til våren, og viser til fleire utfordringar for vidaregåande opplæring. (©NPK)