Stor iver og presisjon på sykkelsamling

Det var full aktivitet med syklar og unge sykkelryttarar i Hydlaparken sist torsdag ettermiddag.

Sykkeltips: Fred Syversen gav dei unge sykkelryttarane tips om stisykling og pumptrack.  Foto: Berit Melheim

Fleire unge finn seg ikkje til rette i organiserte aktivitetar eller konkurranse-idrettar. Då er det viktig å legge til rette for det . Her er det ingen konkurranse. Dei oppmuntrar og lærer av kvarandre. Meistringsfølelsen er stor.

Instruktør Monika Myklebust Hesjedal
Nyhende

Monica Myklebust Hesjedal frå Frisklivssentralen i Stryn og Fred Syversen frå Folven Adventure Camp i Hjelledalen, var ansvarleg for arrangementet «Ung sykkelsamling».