14,5 mill. til vedlikehald av skular og barnehagar

Vedlikehaldsbehovet for skular og barnehagar i Stryn er kostnadsrekna til 14,5 millionar dei komande ti åra.

Treng vedlikehald: Tonning skule er den skulen som treng mest vedlikehald på kort sikt. Her er vedlikehaldskostnadane rekna til 2,25 millionar kroner. 

Nyhende

Kommunalsjef Hilde Lødøen vart av kommunestyret før jul utfordra til å seie noko om det samla vedlikehaldsbehovet for skulane og barnehagane i kommunen. Her er ein i sluttfasen med ein større rapport, utarbeidd av Bygg og anleggsavdelinga i samarbeid med takseringsfirmaet Ose AS frå Ørsta.