Gode vegar AS:

Deler rv 15-optimismen

Initiativtakar bak samferdselskonferansen vil invitere samferdselministeren til ein tur gjennom dagens Strynefjellstunnelar

Optimistisk: Dagleg leiar i Gode Vegar AS, Svein Sunde vil kjempe for NTP-plass for rv 15 Strynefjellet i 2021. Han vil invitere samferdselsministeren til ein tur gjennom dagens Strynefjellstunnelar  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det har vore mange positive tilbakemeldingar etter konferansen og utsiktene for NTP-plass for Strynefjellstunnelen er gode, seier initiativtakar for konferansen og leiar i pådrivarselskapet Gode Vegar AS, Svein Sunde.