Fekk fjellet på heimstaden tilbake på kartet - og då var det ein meter høgare

– Eg reknar med at eg vert hugsa for dette i heimbygda. Om ikkje anna så for den ekstra meteren! ler Even Inge Nesje, som har fått barndommens fjell i Oppstryn tilbake på kartet. Til og med ein meter høgare enn tidlegare!

Tilbake: Storskredfjellet er tilbake på kartet i Oppstryn, med 1815 m i staden for tidlegare 1814. - Eg blir vel hugsa i i bygda i framtida for den ekstra høgdemeteren, ler Even Inge Nesje. Foto: Privat 

Fjellet framsto som namnlaust. Dette har skapt forvirring i turbeskrivelsar når vi skulle henvise til kartet

Nyhende

Even Inge Nesje vaks opp på Nesje i Oppstryn, med majestetiske Storskredfjellet i ryggen. Storskredfjellet som var akkurat 1814 m, lett å hugse fordi det var likt med årstalet då Norge fekk si eiga grunnlov.