Barnehage for Vikane:

Presenterte ulike utbyggingsalternativ

Torsdag fekk formannskapet presentert alternative løysingar for barnehageutbygging i Innvik.

Uvisst: I dag er barnehagetilbodet for Vikane lagt til Utvik, og det er enno uvisst kva som blir framtida for barnehagen i Innvik. Eit alternativ er å bygge ut og flytte alle borna hit. Barnehagen har ikkje vore i bruk sidan 2016. Skulen ligg berre eit steinkast unna. ArkivFoto: Sigrid Heggestad 

Nyhende

Kommunestyret gav før jul administrasjonen i oppdrag å utarbeide eit kostnadsoverslag for barnehage i Innvik med kapasitet for tre avdelingar. I dag er barnehagen for Innvik og Utvik samlokalisert i det tidlegare skulebygget i Utvik, og denne er godkjent for to avdelingar. Denne er i dag fylt opp.