Trøblete start for grendeutval i Hornindal:

– Må kalle inn nytt møte

Utegløymd annonsering tett oppunder møtet var truleg ein årsak til tynt frammøte då Hornindal skulle etablere sitt første grendeutval måndag kveld. No vert det nytt møte før det første styret er på plass.

Ope møte om grendeutval: Utegløymd annonsering var truleg ein årsak til at så få personar stilte då Hornindal skulle etablere sitt første grendeutval.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Forutan fem kommunestyrepolitikarar møtte berre ti hondøler til det som skulle vere skipingsmøte for grendeutval i Hornindal. Mange honndøler har etterlyst etablering av grendeutval, slik det har vore tradisjon for elles i Volda kommune.