Kommunal planstrategi 2020-2024:

Bustadfelt i Bø let vente på seg

Bustadfelt i Bø vert erstatta av bustadfelt i Hogane og regulering til fortetta bustadbygging i Vik vert endra til mindre tomtestorleik for einebustader.

Raskare veg til bustader: Plan- og næringssjef, Geirmund Dvergsdal, meiner vegen til fleire sentrumsnære bustader er raskare om ein prioriterer Hogane, B135, framfor Bø. Sistnemnde krev ein del avklaringar før detaljreguleringa kan starte opp. 

Nyhende

Det er nokre av grepa formannskapet tilrår i planstrategien som skal klargjere kommunen sitt planbehov i komande fireårsperiode.