Frå gamle reiselivshuset til gamle meieribygget:

Flo Brannsikring på flyttefot

Flo Brannsikring i Stryn er på flyttefot, og om alt går etter planen er det klart for opning i Perhusvegen 1A 1. oktober.

1. oktober: Om alt går etter planen kan Mats Flo og Flo Brannsikring ønskje velkomen til nye lokale i Perhusvegen 1A 1. oktober. 

Nyhende

– Vi har sett etter nye lokale i fleire år, men ingen lokale har passa oss heilt, seier dagleg leiar i Flo Brannsikring Mats Flo. Verksemda, som har halde til i gamle reiselivshuset sidan 2009, har kjøpt delar av 1. etasje og kjellaren i gamle meieribygget, og det er blitt investert tre millionar kroner etter at lokala vart kjøpt.