Friidretts-NM blir ikkje avlyst

Årets friidretts-NM blir halde som planlagt trass i smittesituasjonen i Bergen. Norges Friidrettsforbund vedtok måndag ikkje å avlyse meisterskapen.

Det blir NM for Jakob Ingebrigtsen og dei andre friidrettsstjernene. Biletet er frå NM i 2018 på Byrkjelo.   Foto: Vidar Ruud/NTB Scanpix

Nyhende

Det vart klart etter eit ekstraordinært styremøte. NM blir arrangert i bydelen Fana i Bergen komande helg.