MOT-pris til Oddrun

Skiskyttar Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i Markane IL fekk i helga tildelt MOT-prisen 2020 for å vere ein god rollemodell og lagspelar.

Vinnarar av MOT- prisen 2020: Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Marius Sætre Hove mottok MOT-prisen frå Ruth Mona Vik (t.h) i MOT og representant frå skiskyttarkrinsen.  Foto: Foto: May K. Sæther/ NSSF

Nyhende

I helga var det samling på Ullsheim, og i samband med denne fekk dei to utøvarane frå Markane IL og Volda IL tildelt MOT-pris.

NSSF, YX og MOT Norge står bak samarbeidet om «Skiskyttar med MOT» for tredje år.

– Gjennom samlingar og prisutdeling set vi fokus på ei anna side av idretten enn berre resultat, nemleg kor viktig det er å vere ein lagspelar og god rollemodell, opplyser skiskyttarforbundet.