Startar opp koret igjen - vil gjerne ha med fleire

Hornindal Songlag startar denne veka opp med øvingar igjen, og gler seg til eit nytt kor-år. – Det blir godt å kome i gang igjen, vi har sakna å kunne møtast i denne spesielle tida, seier styreleiar Magne Maurset.

Gler seg: Hornindal Songlag under sin dirigent Galya Radeva. No gler dei seg til å kome i gang igjen etter ein lang pause, og håpar gjerne å få med seg nye songarar. Ikkje minst står bassar på ønskelista. Foto: Bengt Flaten 

Nyhende

Dirigent for koret er Galya Radeva, og koret tel i dag i overkant av 20 medlemmar.