Oldar med spenningsbok for born

Læraren Svein Jarle Åbrekk vart så oppgitt over boka han skule lese for skuleklassen, at han tok lik så godt og skreiv ei sjølv. Snart kjem barneboka Granittgutta -dronemysteriet for sal.
Nyhende

– Det starta vel eigentleg med at eg vart anbefalt ei bok til høgtlesing i skuleklassa mi. Denne boka var oversett til nynorsk, men skrive av ein utanlandsk forfattar. Boka var så lite inspirerande, og språket var så vanskeleg, at både eg og elevane sleit med å skjøne innhaldet. Då tenkte eg at dette må kunne gjerast betre, fortel Åbrekk.