Pengestøtte og ros til beredskapsteamet

Stryn kommune yter 195.000 kr for vidareføring av regionalt beredskapsteam og SMB-prosjektet.

Ros: Torstein Tvinnereim rosa arbeidet som vert gjort i det regionale beredskapsteamet. 

Nyhende

Nordfjordrådet vedtok i april å etablere eit «Regionalt Beredskapsteam» for næringslivet i Nordfjord for å yte hjelp som følgje av covid 19. Nordfjordrådet er prosjekteigar og i styringsgruppa deltek Stryn, Stad, Gloppen og Bremanger frå både politisk og administrativt nivå. I tillegg deltek næringsorganisasjonane, fylkeskommunen og NAV.