Frå Oldedalen til Stardalen via Oldeskaret

Den gamle ferdselsåra mellom Oldedalen og Stardalen har blitt eit populært turmål.

Oldeskaret  Foto: ALLE FOTO: EVA GUDDAL

Toppvarden markerer ein gamal stemneplass

Nyhende

Søndag 16. august arrangerte Indre Nordfjor Turlag, tur frå Briksdalen over Oldeskaret til Stardalen.

Turfølget starta turen frå Melkevoll i strålande solskin. I ein turskildring sendt Fjordingen, fortel ein om ei bratt oppstigning til om lag 600 høgdemeter.

Start Turfølget starta ved Melkevoll i Briksdalen  Foto: privat

– Stien er nyleg oppgradert av sherpaer som har laga til fine trappetrinn. På dei brattaste partia er det i tillegg tilrettelagt med kjetting, fortel Eva Guddal.

Utsikta kom fort. Oldevatnet nede i dalen Oldeskaret  Foto: privat

Ho fortel om ei fantastisk utsikt over Oldedalen og Briksdalsbreen etter kvart som turfølget kom høgare.

Oppgradert Deler av stien opp Oldeskaret vart oppgradert med steintrapper i 2014. Sherpaer stod bak arbeidet   Foto: privat

– Vi tok ei lita foto-pause då vi kom til eit spesielt skar som ser ut som at eit berg har losna frå fjellsida. Skaret er akkurat breitt nok til at vi kan passere, fortel Guddal.


Stemneplass ved toppvarden

Over skaret måtte turfølget på snøen, utan at den laga problem for turen vidare.

– Snøen var god å gå på, heilt opp til det høgaste punktet på 1.100 høgdemeter, fortel Guddal.

Smalt Ein smal passasje i Oldeskaret  Foto: privat

Ho legg til at varden på denne toppen har ei spesiell betydning.

– Toppvarden markerer ein gamal stemneplass. I samband med unionsoppløysinga tok folket både i Oldedalen og i Stardalen til å halde sommarstemne akkurat der, fortel ho.

Etter ei god matpause på denne stemneplassen vandra turlaget vidare mellom fjell, vatn og bre.

Nydelege omgjevnader når ein har kome opp. Snøen ligg der framleis Oldeskaret  Foto: privat

– Vi gjekk ned langs Storevatnet og over Spelemannsmyra før vi kom ned til Haugastøylen.

Nedanfor Haugastøylen kom vi inn på ein grusveg som vi følgde ned til Høyset i Stardalen, fortel Guddal.

Siste etappe  Foto: privat

I Stardalen venta ein buss som køyrde følget tilbake til Oldedalen.

– Det var ein fantastisk fin tur som tok til saman ca. seks timar inkludert gode pauser. Vi må få takke Indre Nordfjord Turlag som arrangerer slike fin turar, seier Guddal.

Saka er basert på tilsendt turbeskriving frå Eva Guddal.