Spent Fannemel

Håpar på hopp-comeback innan tre veker

Anders Fannemel har ikkje hoppa på ski sidan den skjebnesvangre julidagen i Wisla i fjor, der han gjekk ut i spagaten og skada kneet. No har han god tru på hopping i løpet av to-tre veker. – Men eg anar ikkje kva eg har i vente når det gjeld nivå, seier han.

Har trua: Anders Fannemel har trena hardt og målbevisst det siste året, og om få veker håpar han igjen å setje utfor i hoppbakken. VM til vinteren meiner han er realistisk, og OL i Beijing er det store målet i 2022.   Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Det har tatt mykje lenger tid å kome seg etter skaden enn kva Fannemel hadde trudd. Det har vore både einsamt og til tider kjedeleg i følgje 29-åringen.