Austefjord skule:

Ny runde om kvar elevane skal gå på skule

Det går mot nedlegging av Austefjord skule, men kvar elevane då skal gå på skule er enno ikkje avgjort. No skal to alternativ ut på høyring.

Austefjord skule: Skulen er tilrådd nedlagt av formannskapet. Foto: Bengt Flaten 

Nyhende

Det var semje i Volda formannskap om at Austefjord skule blir lagt ned, men avgjerda om kvar elevane skal gå på skule let framleis vente på seg.