Klima- og miljøministeren om eventuell freding av Singerheimen:

– Freding er inngangsbillett til midlar

Laurdag var klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) på besøk ved Singerheimen i Olden. Han let seg imponere over det han såg og seier ei freding truleg vil vere inngangs-billett til meir midlar.

Singerheimen: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn besøkte Olden og Singerheimen. Anlegget etter ekteparet William og Anna Singer er tilrådd freda. Eigedomen er i dag eigd av ei stifting. Her får Rotevatn, stryneordføraren og lokale representantar for regjeringspartia orientering ved Jostein Fredheim og Margun Skarstein frå styret. 

Det er ikkje mykje som kan samanliknast med dette her

Sveinung Rotevatn
Nyhende

Det var Stryn Venstre som hadde invitert ministeren til Olden for å ta det potensielle fredingsobjektet nærare i augesyn. Og det er ikkje tvil om at den ærverdige eigedomen etter ekteparet Singer har stort behov for tilførsel av pengar. Det er mange bygg som skal ivaretakast og berre det føreståande takarbeidet på hovudhuset har fått eit prisestimat på vel to millionar.