50 lag på knøtteturnering

Det vart rekorddeltaking då ei etterlengta Kongleriketurnering vart arrangert i Hornindal for våre yngste fotballspelarar i helga.

Konglerike knøtteturnering: Søndag vart sesongens einaste knøtteturnering i indre Nordfjord arrangert i Hornindal idrettspark. Det sette desse spelarane pris på, med Tiril Sunde Myrold i spissen.   Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Totalt 50 lag i aldersgruppa 6-9 år deltok frå klubbane Loen, Olden, Vikane, Breimsbygda, Sandane, Oppstryn, Veten/Hardbagg, Stryn og Hornindal.