Imponerer i eliteserien:

Tre scoringar på Lone

Lone Vik spelar for eliteserieklubben Molde HK.  Foto: Jan Henrik Indbjør

Nyhende

Lone Vik (22) sette inn tre mål då Molde HK slo Aker på bortebane i eliteserien i handball i helga.

Sluttresultatet vart 32–25 til Molde, etter 14–11 leiing til pause. Strynejenta sette inn eitt mål før pause og to etter kvilen. Ho fekk også æra av å fastsetje sluttresultatet til 32–25 med kampens siste scoring.

Molde ligg på femteplass etter fire spelte kampar. I neste runde møter Lone Vik og lagveninnene Rælingen på heimebane.

Lone melde overgang frå 1. divisjonsklubben Volda før årets sesong og skreiv under på ein toårskontrakt med Molde.


Pangstart for Lone i Moldedrakta: - Har teke nivået

Lone Vik og Molde fekk ein pangstart på handballsesongen med sjumålssiger over Larvik. Lone kom også på scoringslista.