Sterk siger til strynegutar

Stryn fotball, gutar 13/14, vann 1-0 over Måløy søndag.  Foto: Privat

Nyhende

Stryn fotball sitt gutar 13/14-lag møtte Måløy på Stryn stadion søndag.

Det vert meldt om ein tett og tøff kamp med få målsjansar, der Stryn vann knepent etter ei flott scoring av kaptein Jonas Rand Hopland. Pauseresultatet var 0–0.

Stryn toppar tabellen med 13 poeng med Måløy på andreplass med ni poeng. Eid på tredjeplass har også ni poeng.

Stryn U20 med ny trepoengar

Stryn sitt U20-lag i fotball let seg ikkje stoppe, og i helga tok gutane sin femte strake siger. Denne gong var det Måløy som måtte strekke våpen, og Stryn kunne ta med seg ein 4–0 siger heim att etter scoringar av Ole-Ivan Glosvik Espeland, Rasmus Skaare Tjellaug og to sjølvmål.

Stryn U20 sin kamp for jenter, borte mot Kaupanger, vart utsett. Den vil etter planen bli spelt komande helg.