Verdskunstnar med sterke band til Blakset

Ein aktør i «Mannen frå La Mancha» kjenner seg heime på store utanlandske scener, men har sterke band til Blakset.

For første gong er tenor Erlend Tvinnereim med som aktør for Opera Nordfjord. 

Nyhende

For Erlend Tvinnereim var det ikkje aktuelt å satse på lærar-yrket. Sjølv med pedagogar i slektslinjer tilbake til oldefar Bergsvein Tvinnereim som var skulemeister på Nordsida. Også farfar Sverre Tvinnereim følgde tradisjonen. Etter studiet slo han seg ned i Bergen. Far til Erlend, Magne Tvinnereim, vart lærar han også.