Stryn kommunestyre skal vedta planstrategien denne veka:

- Vi meiner grensa for landbruk skal gå ved Rise bru

Grensa mellom landbruk og anna næring skal framleis gå ved Rise bru, seier lokale grunneigarar. Dei likar dårleg at ein i planstrategien til kommunen vil lage reguleringsplan for næringsområde i Strynedalen.

- Vi er også næring: Desse bøndene likar dårleg at kommunen peikar på jordbruksarealet aust for Rise bru som aktuelt for anna næringsareal. - Vi er også næring, seier (f.v.) Sigbjørn Kirkeeide, Eli-Katrin Kirkeeide, Arve Nesje, Anders Kleppe og Ingebrigt Kyrkjeeide.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Det er i eit innspel til Stryn kommune i samband med den kunngjorde planstrategien at bønder og grunneigarar på Kyrkjeeide og Rise reagerer.