– Blir tyngre å drive små energiverk

Energisjef Nils Are Karstad Lysø legg ikkje skjul på at selskapet går ei krevjande tid i møte.

Er blitt konsern: Stryn Energi AS er no eitt av tre dotterselskap, og morselskapet heiter Energiselskapet Stryn. Her frå ei orientering til formannskapet i mai i fjor. 

Nyhende

Stryn Energi har blitt til Energiselskapet Stryn AS. Omstruktureringa til konsern har kravd mykje ressursar. Vidare ventar betydelege investeringsbehov i straumnettet framover, kring 100 millionar dei komande fem åra. Svært låge straumprisar har ikkje akkurat gitt drahjelp, og på toppen av dette vert rammevilkåra for små nettselskap stramma inn.