Første sjølvbetjente bibliotek i Nordfjord

Stryn har fått det første ubetjente biblioteket i Nordfjord, der brukarane med lånekort og kode kan låse seg inn utanom dei vanlege opningstidene.

Fredag var det offisiell opning av meirope bibliotek i Stryn, her med seniorrådgjevar i fylkesbiblioteket, Anja A. Mjelde (t.v.) saman med ein glad biblioteksjef Kristin Hatledal ved kortlesaren framføre hovuddøra. 

Nyhende

– Det er ei stor glede for meg å endeleg få lov å opne meirope bibliotek. Målet har heile tida vore å opne tilbodet i jubileumsåret vårt. Meirope bibliotek er jubileumsgåva vår til alle innbyggjarane i heile Stryn kommune. Men det har vore ein prosess med både å få på plass midlar, installasjonar og så kom koronaen oppi det heile, sa ein veldig glad biblioteksjef Kristin Hatledal under den offisielle opninga fredag.