Anndi er rekvisitør for Opera Nordfjord:

Med hjarte for teater

Anndi Bergset frå Fjelli er med og skapar scenebildet for musikalen «Mannen frå La Mancha».

Hestehovud: Tråd, kvist og skinn vart til hestehovud. – Alt går, smiler Anndi Bergset, som fekk overraska elevar til å lage hatt til Don Quixote av bakebolle og stålstreng. Musikalen «Mannen frå La Mancha» har premiere onsdag 30. september i Operahuset Nordfjord. 

Nyhende

Anndi Bergset sitt arbeidsforkle er pryda med raude hjarte. Det er ikkje tilfeldig. Som rekvisitør for Opera Nordfjord er Anndi midt i eit pulserande sentrum av det ho likar best. Å skape. Det har vore hektiske veker, men alt er klart til premiere i morgon.