Regjeringa opnar breiddeidretten for normal trening

Regjeringa opnar opp for normal kontakttrening i breiddeidretten for personar over 20 år.

Illustrasjonsbilde.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Kommunane har frist til 12. oktober med å førebu og vurdere situasjonen lokalt. I kommunar med auka smitte og lokale utbrot kan dei vurdere om opninga av breiddeidretten og kontakttrening for vaksne skal utsetjast til smitten er under kontroll.

– Kommunane må følgje opp lokale utbrot slik at dei ikkje utviklar seg til regionale og nasjonale utbrot, sa helseminister Bent Høie (H) under pressekonferansen på onsdag.

Breiddefotballsesongen i regi av Norges Fotballforbund (NFF) for folk over 20 år er allereie avlyst. Det blir ingen sesong for 3. divisjon og nedover for menn og 2. divisjon og nedover for kvinner.

Regjeringa si lemping på regelverket gjeld høvet til kontakttrening.

– Norge har halde meir ope enn dei fleste andre land under pandemien, samtidig som vi har kontroll på smitten. Vi har ingen garanti for at vi klarer dette vidare, men no veit vi at vi kan, vi veit at vi har tiltak som verkar og vi veit at det kan gi oss mindre inngripande tiltak. Det gir håp og krefter til å halde ut, sa Høie.

(©NPK)