Malin teken ut på J15-landslaget

Malin Eikenes Tjellaug er ein av 28 spelarar som skal på samling med jenter 15-landslaget i fotball.  Foto: Leif Leira (arkiv)

Nyhende

Malin Eikenes Tjellaug frå Stryn er teken ut på det norske jenter 15-landslaget i fotball.

J15-landslaget skal samlast i perioden 19.–24. oktober der det skal trenast og spelast internkampar.

Malin Eikenes Tjellaug er saman med Mina Bell Folland frå Gaular dei som er tekne ut frå Sogn og Fjordane. I alt 28 spelarar skal delta på samlinga.