Brødrene Bø står over høgdesamling i Italia

Blir heime: Johannes Thingnes Bø (t.v.) og Tarjei Bø deltek ikkje på landslaget si høgdesamling i Italia.  Foto: Team Stryn Energi Nordfjord

Nyhende

Tarjei Bø vart igjen heime då skiskyttarlandslaget reiste på høgdesamling til Italia tysdag.

Landslagstrenar Egil Kristiansen opplyser til NRK at 32-åringen ikkje er sjuk, men at forma ikkje tilseier at det er lurt å presse kroppen i høgda.

Førre veke melde VG at heller ikkje Johannes Thingnes Bø og Marte Olsbu Røiseland tek del i samlinga i Italia. Det er ulike grunnar til at dei to profilane vel å bli heime.

– Det kjem til å bli ein god del reisedøgn det neste halve året med karantenetid på «kjøpet», så no vel eg å ha eit vanleg, sivilt liv før toppidretten slår til for fullt frå november, sa Thingnes Bø til avisa.

Skiskyttarstjerna vart far i januar.

Olsbu Røiseland har slite med ein belastingsskade i hofta.

(©NPK)