Året var 1974:

Journaliststudentar laga øvingsavisa «Honndølen»

Kvivsvegen var hovudoppslaget då journalistgruppa frå Distriktshøgskulen i Volda laga øvingsavis om Hornindal. Avisa fekk namnet «Honndølen», og året var 1974.

Øvingsavis: Vidar Gausemel med øvingsavisa han fann heime, laga av journalistane ved DH i Volda på syttitalet.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

– Det var trivelege dagar. Vi tråla bygda rundt etter noko å skrive om, fortel Ove Rødal, som seinare vart journalist i Sunnmørsposten i mange år. Saman med dei andre studentane som var med på prosjektet, låg han i telt ved Hornindalsvatnet. Det vart mange kaffikoppar med noko attåt i ei gjestfri bygd.