No skal det avgjerast

Stryn sine U20-lag i fotball for både gutar og jenter må finne seg i å stille blant favorittane når det skal avgjerast kven som blir kretsmeistrar.

Stryn: Sondre Holmlund Ørjasæter (t.v.) og Håvard Kroken.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn sitt U20-lag for gutar vann si avdeling i suveren stil, og første kamp i 1. divisjon går borte mot Sandane 11. oktober, før Førde er motstandar heime på Stryn stadion helga etter. Andre lag i 1. divisjon er Florø og Sogndal 1.