NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold:

- Det må sterkare lut til for å redde reiselivsnæringa gjennom krisa

Framlegget til statsbudsjett inneheld ikkje nok til å berge reiselivsnæringa gjennom krisa, meiner NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold. ─ Regjeringa anslår sjølv at koronakrisa vil vare til over sommaren 2021. Då er det overraskande at kompensasjonsordninga ikkje blir vidareført på tilnærma same nivå i statsbudsjettet for neste år, seier Devold.

─ Regjeringa anslår sjølv at koronakrisa vil vare til over sommaren 2021. Då er det overraskande at kompensasjonsordninga ikkje blir vidareført på tilnærma same nivå i statsbudsjettet for neste år, seier Kristin Krohn Devold, adm.dir. i NHO Reiseiv.   Foto: Thor Steinhovden

Nyhende

Regjeringa vidarefører ein kompensasjon for reiselivet i statsbudsjettet for 2021, men ordninga er ikkje spesifisert og blir overlaten til Stortinget å konkretisere.