Nytt koronatilfelle i Volda

Koronatesting føregår stadig både i Stryn og ÆVolda. Illustrasjonsfoto.   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Volda kommune melder om at ein ny person har testa positivt for koronavirus.

Laurdag kveld kom svar på prøvene frå ein person som oppheld seg i Volda., og som var testa etter mistanke om Covid-19.

- Smittevernsvakta held på med smittesporing. Til no er fem personar i karantene, opplyser Volda kommune i ei pressemelding, og minner om følgjande:

- Det er no ekstra viktig at alle er forsiktige og følger smittevernråda. Hald avstand, god handhygiene og bli heime om du har symptom.