Ein av dei eldste butikkane i Stryn sentrum:

Stryn Bokhandel har runda 100 år

Stryn Bokhandel AS, eller «Olav Eikenæs Filial – Bok- og papirhandel» som den heitte frå starten av, har alle stryningar eit forhold til. Butikken er ein av dei eldste butikkane i Stryn sentrum.

Stryn Bokhandel i dag: Butikken inneheld også hobbyartiklar, reiseeffektar og leikar. – Vi er medlem av Kosmoz som sel leikar, seier Olga Johanne Eikenæs Frøholm og Roger Frøholm.  Foto: Berit Melheim

Mamma serverte kaffi til alle kundane sine og dei prata og hadde god tid

Nyhende

2. oktober 2020 runda butikken 100 år, og den har vore eigd og styrt av familien Eikenæs like lenge. I dag er det tredje generasjon, Olga Johanne Eikenæs Frøholm og ektemannen Roger Frøholm, som eig og driv butikken.